Klargjør siden...

Olav Thons forskingspris til hjerneforsking

(NPK-NTB): Olav Thon Stiftelsens internasjonale forskingspris vart torsdag tildelt den franske professoren Jean-Pierre Changeux.

Changeux, som jobbar ved Pasteur-instituttet i Paris, får prisen for sin banebrytande innsats innan molekylarbiologi og hjerneforsking. Forskinga hans har ført til nytenking rundt behandlinga av nevrologisk sjukdom, heiter det blant anna i grunngjevinga til juryen. Prisen er på 5 millionar kroner.

Stiftinga gav også forskingsstøtte til tre ulike nordiske forskingssamarbeid i medisin med vekt på alzheimers og Parkinsons sjukdommar. Kvart av desse prosjekta får tildelt 10 millionar kroner fordelt over ein periode på fire år.

Olav Thon Stiftelsen tildelte også seks nasjonale fagprisar for framifrå undervisning og prosjektstøtte til fem nasjonale undervisingsrelaterte forskingsprosjekt.

Det er andre gong at forskingsprisane til stiftinga blir delt ut. I år vart det totalt delt ut dryge 44 millionar kroner i prispengar og prosjektstøtte. (©NPK)

Annonse