Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Oljefondet er oppgitt over amerikanske selskap som bruker kraftige summar på leiarlønningar. Nokre av toppsjefane har over ein milliard kroner i årslønn.
oda.ertesvag@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 17.08.2022 kl 15:44
– Kort fortalt: leiarlønningane har vorte altfor høge. Særleg i USA. I fjor var medianlønna for dei 500 største selskapa i USA på over 14 millionar dollar. Og nokre av selskapa betalte sjefen meir enn 100 millionar dollar, altså nesten ein milliard kroner, i året, sa direktør for eigarskap og etterleving Carine Smith Ihenacho på Oljefondets halvårspresentasjon onsdag.
Gjennomgangen hennar av eigarskapsarbeidet vart avbroten oljefondssjef Nicolai Tangen, som tydeleg er engasjert i temaet.
– Dei stel jo eigentleg pengane våre, skaut Tangen inn.
Like før hadde Tangen lagt fram tal som viste at verdiane i Oljefondet sokk med 1.680 millionar kroner i første halvår. Men sjølv om det har vore nokre urolege månader på børsane i verda, held leiarlønningane fram med å skyte i vêret.
– Vi vil sjølvsagt at selskapa tiltrekkjer seg dei beste folka, og gode leiarar. Men det er ikkje i vår interesse med ein lønnsspiral som endar opp i heilt vanvitig høge lønningar, seier Ihenacho.
Ho meiner at dei høge leiarlønningane rett og slett er ei utvatning av verdiane til aksjonærane.
Så langt i år har Oljefondet stemt på nesten 100.000 forslag på generalforsamlingane i dei over 9.000 selskapa fondet eig aksjar i.
– Vi har vore veldig tydelege på at vi ønskjer å stramme inn på lønnsnivået. Vi har stemt på 8 prosent av alle lønnsutbetalingssaker. Når vi stemmer imot, er vi gjerne i dialog med styra etterpå om kva dei kan gjere for at vi skal stemme for neste år. Det er overraskande kor lite styreleiarar liker at vi stemmer imot dei, seier ho.
Ihenacho trekte fram fleire døme på selskap der dei stemde imot forslag om lønnspakkar.
– I Apple hadde dei ein pakke som kunne bli på over ein milliard kroner viss ein inkluderte aksjar og opsjonar. Intel hadde ein like høg lønnsutbetalingspakke, som er langt over tilsvarande selskap. Harley Davidson hadde også veldig høg lønn samanlikna med liknande selskap – og mykje dårlegare resultat.
Oljefond-direktøren vedgår at det er mykje igjen å gjere på området, men opplever at aktiv eigarskap verkar.
– Vi ser at selskapa endrar seg i retning av forventningane våre. Men vi vere tolmodige og langsiktige, for dette skjer ikkje over natta.
– Eg vil seie at vi er på ballen og vil halde fram med å vere det.
(©NPK)
Oljefondssjef Nicolai Tangen la fram resultatet for første halvår i Arendal onsdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Direktør for eigarskap og etterleving Carine Smith Ihenacho reagerer på leiarlønningane i fleire selskap. Her er ho fotografert saman med tidlegare oljefondssjef Yngve Slyngstad. Foto: Tore Meek / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.