Annonse

Oljefondet sel cannabis-aksjane

Oljefondet skal ikkje lenger investere i selskap som er direkte engasjerte i cannabis-verksemd.

- Vi har allereie vedtatt å ikkje vere investerte i selskap med direkte eksponering mot cannabis, seier kommunikasjonssjef Thomas Sevang i Noregs Bank Investment Management (NBIM) til Dagens Næringsliv.

Det førte til kritikk og reaksjonar då avisa i mars skreiv at fondet gjennom dei to første månadene i år tente 446 millionar kroner på investeringar i fem cannabis-relaterte selskap.

Sevang vil ikkje gå inn på detaljar om kva selskap avgjerda om å selje cannabisaksjane vil ha konsekvensar for. Sala blir først offentleggjorde saman med den neste behaldningsoversikta neste år.

- Spørsmålet om dei cannabis-relaterte selskapa er relativt nytt, og det er utfordringar når det gjeld å definere kva selskap som blir omfatta, seier han.

Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) er positivt overraska over dei nye signala frå Oljefondet.

- Dette er veldig bra. Det hadde vore etisk forkasteleg dersom det norske samfunnet skulle tene pengar på andres liding, og eg meiner at vi må halde fram diskusjonen rundt dei etiske retningslinjene for investeringane til Oljefondet. Dette er eit steg i rett retning, seier styreleiar Jan Erik Bresil i NNPF.

(©NPK)

Kommunikasjonssjef Thomas Sevang i Statens pensjonsfond stadfestar at Oljefondet ikkje lenger skal eige aksjar i selskap som er direkte eksponerte mot cannabis. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix