Oljefondet stengjer ute to selskap i Vest-Sahara

(NPK-NTB): Etter råd frå Etikkrådet har Statens pensjonsfond utland stengt ute selskapa Cairn Energy PLC og Kosmos Energy Ltd, opplyser Noregs Bank.

Selskapa blir stengt ute etter ei vurdering av risikoen for særleg grove brot på grunnleggjande etiske normer, heiter det i pressemeldinga frå Noregs Bank.

– Selskapa medverkar til grove brot på grunnleggjande normer ved å drive petroleumsprospektering offshore Vest-Sahara på oppdrag for marokkanske styresmakter, står det i Etikkrådets tilråding.

Vest-Sahara ligg mellom Marokko, Algerie og Mauritania, og området har vore okkupert av Marokko sidan 1975. (©NPK)

Annonse