Annonse

Oljegigantar droppar fusjonsplanar

(NPK-NTB): Halliburton og Baker Hughes vrakar intensjonsavtalen om ein fusjon mellom oljeserviceselskapa, melder CNBC.

Det er klart etter at intensjonsavtalen om at Halliburton skulle kjøpe Baker Hughes gjekk ut utan semje om å forlenge han. Avtalen vart verdsett til 35 milliardar dollar då han vart kunngjort i november 2014.

Sidan laurdag har amerikanske medium spekulert i eit brot mellom selskapa etter at avtalen gjekk ut. Søndag kveld bekrefta selskapa i ei pressemelding at det ikkje blir noko av fusjonen.

Ifølgje CNBC betalar Halliburton 3,5 milliardar dollar, om lag 28 milliardar kroner, til Baker Hughes i kompensasjon som følgje av brotet.

Intensjonsavtalen har tidlegare fått kritikk frå amerikanske konkurransemyndigheiter. Halliburton er det nest største oljeselskapet i verda, mens Baker Hughes er tredje størst. (©NPK)