Klargjør siden...
Annonse

Oljekrise i domstolane

(NPK-NTB): I kjølvatnet av oljenedturen har talet på arbeidsrettssaker som har kome opp for domstolane, auka til eit rekordnivå.

– Den kraftige auken i stillingsvernsaker, det er det som kalla arbeidsrettssaker, kjem på toppen av ein generell auke. Det seier seg sjølv at arbeidsbøra har auka kraftig på grunn av dette, seier sorenskrivar Helge Bjørnestad i Stavanger tingrett til Stavanger Aftenblad.

Ifølgje DNB Markets er over 36.000 oljejobbar kutta sidan oljeprisen tok til å falla. Frå 2014 til 2015 blei talet på arbeidsrettssaker i Stavanger nesten tredobla, frå 50 avgjorte saker 2014 til 141 i fjor, ifølgje tal avisa har fått frå Domstolsadministrasjonen.

I Jæren tingrett var det ein auke frå 26 til 43 i same tidsrommet. Til saman var det ein auke frå 1.051 til 1.345 i alle tingrettane i Noreg. I lagmannsrettane i landet er utviklinga den same. I 2014 var det 67 slike saker som blei behandla i lagmannsrettane. Året etter var det 83. Nesten heile veksten har kome i Gulating lagmannsrett, som er ankeinstans for mellom anna Stavanger og Jæren tingrett, 13 i 2014 til 27 i 2015.

Per 23. mai var det avgjort 61 slike saker i Stavanger tingrett, noko som er meir enn det normalt blir gjort på eit heilt år. I Jæren tingrett blei det avgjort 23 slike saker, omtrent like mange som det normalt er gjennom eit heilt år. (©NPK)