Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
KrF-fylke langs heile kysten vil skrote programforslaget om sluttdato for oljeleiting. I Rogaland fryktar partiet ein tøff valkamp om forslaget blir ståande.
bjorn.ivar.voll@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 08.04.2021 kl 07:24
Det bryggjer opp til oljestrid på KrFs heldigitale landsmøte i slutten av april, skriv Dagen. Der skal det avgjerast om partiet skal seie nei til alle tildelingar av oljelisensar i nye område i neste stortingsperiode.
Forslaget vekte sterke reaksjonar då det vart lansert i haust, særleg i Rogaland. Der seier framståande KrF-arar at det vil bli svært vanskeleg å drive valkamp om forslaget blir ståande.
Både Møre og Romsdal, Troms og Finnmark og Rogaland har foreslått å stryke heile punktet om lisens-stopp frå programmet. Redaksjonskomiteen har endra punktet, og teke bort setninga om at «storskala petroleumsaktivitet på norsk sokkel går inn i ein sluttfase». Men lisens-stansen har vorte ståande.
I Rogaland er ein ikkje fornøgd med at dette punktet framleis er med.
– Eg trur eg snakkar for veldig mange i Rogaland som er skeptiske til at KrF skal leggje seg tett opp mot MDG i olje- og energipolitikken, seier bystyrerepresentant Marie Ljones Brekke i KrF i Stavanger.
KrFs gruppeleiar i Stavanger bystyre, Henrik Halleland, sa i november at forslaget ville gjere det vanskeleg å drive valkamp i oljefylket.
Dei siste tre åra er det delt ut over 200 oljelisensar, på fagspråket utvinningsløyve i Nordsjøen, Norskehavet og sørlege delar av Barentshavet.
(©NPK)
KrF skal på landsmøtet ta stilling til om partiet skal gå inn for stans i tildelinga av nye leitelisensar på norsk sokkel. På biletet ser vi plattforma som blir brukt på gassfeltet Aasta Hansteen. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK