Oljeverdiane til staten kraftig nedjustert

(NPK-NTB): Det statlege eigarskapet i olje- og gassindustrien er verdsett til 810 milliardar kroner – drygt 400 milliardar mindre enn for berre to år sidan.

Det er Rystad Energy som har vurdert Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) per 1. januar 2016. Verdivurderinga er utført på oppdrag frå Olje- og energidepartementet.

Så seint som i 2014 vart SDØE-porteføljen vurdert til 1.234 milliardar kroner. Ei forventning om lågare gassprisar er den største enkeltårsaka til nedgangen i porteføljeverdien frå 2014 til 2016.

– Delane staten eig på norsk sokkel blir som resten av næringa påverka av lågare prisar. Olje- og gassindustrien har vore og er i ein krevjande periode, men dette er ein langsiktig industri. Som rapporten viser, vil Noreg nyte godt av ein betydeleg kontantstraum frå SDØE-porteføljen i mange år framover, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

SDØE er dei direkte eigde delane staten har i norsk olje- og gassverksemd. Delane staten har i lisensar og andre partnarskap blir forvalta av det statlege aksjeselskapet Petoro. Sidan Petoro vart etablert i 2001 har selskapet overført rundt 100 milliardar kroner til den norske staten kvart einaste år. Denne pengestraumen utgjer i sin tur ein av tre hovudkjelder til oppbygginga av det såkalla oljefondet – Statens pensjonsfond utland. (©NPK)

Annonse