Klargjør siden...

Om få dagar kjem skattekortet for 2016

(NPK-NTB): Frå tysdag sender skatteetaten ut informasjon om skattekortet for 2016 til over 3,8 millionar lønnstakarar og pensjonistar.

I skattetrekksmeldinga ser du kva for opplysningar skatteetaten har lagt til grunn for utrekning av skattetrekket for 2016.

– Det er viktig å sjekke at opplysningane om grunnlaget for skattekortet ditt stemmer. Har du hatt store endringar i inntekt, formue eller frådrag, bør du endre skattekortet slik at skatten du trekker i 2016, blir riktigast mogleg, seier kommunikasjonsdirektør Mariken Holter i skatteetaten.

For personar med éin arbeidsgivar, vil eventuelle lønnsendringar bli tatt høgde med tabellkortet. Personar med fleire arbeidsgivarar og prosentkort, vert tilrådde å endre skattekortet viss lønna endrar seg. Det same gjeld for personar som har tatt opp lån i samband med kjøp av bustad i 2015. Overgang frå lønnsinntekt til trygd eller pensjon er også typiske eksempel på når skattekortet bør endrast. (©NPK)

Annonse