Annonse

Omstridd nasjonalsonglov vedteken i Hongkong

Den folkevalde forsamlinga i Hongkong har vedteke ei lov som gjer det forbode å vise manglande respekt for Kinas nasjonalsong.

41 medlemmer av forsamlinga stemde for lova, og berre éin stemde imot. Men den pro-demokratiske fraksjonen nekta å stemme, og valde i staden for å rope slagord mot lova. Ein av dei slapp ein kjele med illeluktande væske i salen.

Kritikarar meiner lova er eit steg i retning av at Kina strammar grepet om Hongkong.

(©NPK)

Hongkongs folkevalde forsamling stemmer over det omstridde lovforslaget. Eit ventilasjonsrøyr er lagt gjennom salen etter at ein pro-demokratisk representant slapp ein kjele med illeluktande væske i salen. Foto: NTB scanpix/AP/Vincent Yu