Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dokumentarfilmen «The Magnitsky Act» blir teken av plakaten under kortfilmfestivalen i Grimstad. Festivalen har blitt trua med søksmål dersom dei viser filmen.
npk@npk.no
Publisert: 07.06.2016 kl 16:33
Den amerikanske milliardæren Bill Browder, enka etter Magnitsky og mor hans, hevdar filmen er ærekrenkjande for Browder og Magnitsky – og har varsla søksmål dersom filmen blei vist, melder NRK.
– Festivalen vil ikkje ha pengar til å kunne handtere ei rettssak av slike dimensjonar, og ville i verste fall måtte leggjast ned. Berre sakskostnadene åleine ville vere umogleg å handtere, skriv festivalen i ei pressemelding.
Kortfilmfestivalen opnar i morgon kveld, og «The Magnitsky Act» skulle hatt noregspremiere fredag.
Sidan andre europeiske kringkastarar har utsett visninga av filmen, ville ei visning i Grimstad vere første publikasjon av filmen, noko som inneber eit vesentleg større ansvar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.