Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Innbyggjarane i Rissa i Sør-Trøndelag feirar at dei har fått 5,5 kilometer med nyasfaltert fylkesveg. Norskamerikanaren Kristian P. Berg (91) bladde opp rundt 2,5 millionar kroner til vegprosjektet
npk@npk.no
Publisert: 29.07.2016 kl 07:30
Torsdag kveld blei vegstrekningen på fylkesveg 142 opna med snorklipping, champagne og kortesje med amerikanske bilar, ifølgje Adresseavisen.
91-år gamle Berg bur til vanleg i Seattle i USA, men under eit besøk i heimbygda reagerte han på vegstandarden.
– Eg var sånn halvvegs forbanna på at vegen var så dårleg. Så eg tenkte at om det offentlege ikkje har råd til å betala, så får eg bidra, fortel Berg. I tillegg til Berg har også fylkeskommunen og kommunen vore med på finansieringa. Varaordførar i Rissa, Liv Darell (Sp), trur det ville gått 20 år før kommunen sjølv kunne ha finansiert vegprosjektet.
– At det kjem ein mann frå Amerika og hit for å donera ein slik sum, er rett og slett berre fantastisk, seier Darell til avisa.
Det einaste kravet for pengeoverføringa på 300.000 dollar var at Berg skulle få bestemma namnet på vegstrekninga. Dermed heiter vegen no Kristian P. Bergs veg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.