Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kulturdepartementet går truleg inn for ei pensjonsordning som kan ta frå dansarar og songarar ved Den Norske Opera og Ballett retten til å gå av når dei fyller 41 år, skriv Klassekampen.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 14:59
Pensjonsalderen er i dag 41 år for dansarar, 52 år for songsolistar og 56 år for koristar. Ordninga har likevel vist seg å ikkje vere berekraftig over tid og kostar no nærmare 30 prosent av all statsstøtta som Operaen får. Pensjonsutgiftene auka frå 21 millionar kroner i 2006 til 177 millionar i fjor.
Til hausten skal Kulturdepartementet leggje fram eit nytt forslag til operapensjonslov. Truleg inneber forslaget at tidlegpensjonen blir erstatta av tre års etterlønn.
– Viss dette går gjennom i Stortinget, kjem det til å rasere den fremste kulturinstitusjonen vår fullstendig, seier nestleiar Christine Thomassen i Musikernes Fellesorganisasjon til Klassekampen.
Ho seier at Kulturdepartementet har gitt signal om at dei vil fjerne retten til pensjonsytingar fram til fylte 67 år i det nye forslaget, og at dei tilsette i staden skal få tilbod om tre års etterlønn for omstilling til nye jobbar.
– Dei er livredde. Dei har valt denne karrierevegen med tidleg aldersgrense, vel vitande om at pensjonen var ein del av heile pakken. Og så risikerer dei no å stå ribba tilbake midtvegs i karrieren, seier Thomassen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.