Annonse

Opnar truleg fleire flaumstengde vegar tysdag

(NPK-NTB): Flaumen i Hedmark og Oppland ser ut til å bli mindre enn frykta. Truleg blir fleire vegar opna att etter at dei måndag blei stengde på grunn av flaumen.

– Heldigvis ser det ut til at det har roa seg og at det verste er over. Ti fylkesvegar er framleis stengde, men alle riksvegar er opne, seier Aud Riseng, avdelingsdirektør i Statens vegvesen region aust, til NRK.

Sjølv om flaumvarselet er på oransje nivå i Hedmark trur Statens vegvesen at fleire av dei stengde vegane vil bli opna tysdag.

– Nokre av dei, som fylkesveg 157 i Løten, vil nok ta litt lengre tid å opna, medan andre vil kunna opnast ganske raskt når vi får oversikt. Så no må vi ta kontakt med entreprenørane våre og få prioritert kva vegar som skal takast først, seier Riseng.

Ifølgje Yr.no er det venta opp mot 20 millimeter nedbør i Hedmark tysdag, og det er varsel om flaum i Brumunddal, Elverum, Engerdal, Hamar, Løten, Moelv, Stange, Tolga og Våler kommune.

Flaumvarselet til NVE viser framleis oransje nivå i Hedmark, noko som betyr at busetnad og infrastruktur nær vassdrag er utsett, og at styresmaktene bør ha auka beredskap.

Riseng seier til lokalavisa at det ikkje lenger er aktuelt å stengja E6 og riksveg 25, sidan situasjonen ser ut til å roa seg.

I Oppland er det ikkje venta særleg nedbør, men også her er det varsel om flaum. Dette gjeld Dovre, Fagernes, Gjøvik, Jevnaker, Lillehammer, Lunner, Øyer, Ringebu og Sel kommune.

I Oppland viser flaumvarselet gult nivå, som betyr at ein må vera spesielt merksam på område i kommunen som erfaringsmessig får problem når det er flaum.

(©NPK)

Annonse