Annonse

Opningskampen i EM mest sett hos NRK

Opningskampen i fotball-EM mellom Tyrkia og Italia er han til no mest sette kampen på NRK med 653.000 sjåarar.

Dagen etter sørgde Wales – Sveits for berre 217.000 sjåarar, melder Kampanje.

Andre omgang av Danmark og Finland, som vart spelt seinare på kvelden etter Christian Eriksens hjartestans, vart sett av 618.000 på NRK.

– Sjåartalsmessig var dette ein solid start på meisterskapen for både NRK og TV 2 i ei tid der konkurransen om publikum er knallhard, seier Kristian Tolonen, avdelingsleiar for NRK Analyse, til Kampanje.

NRK og TV 2 deler på rettane endå ein gong. Dei 51 kampane er fordelte jamt mellom dei to mediehusa. Det er ikkje kjent kva tal TV 2 sit igjen med etter dei tre første dagane til fotball-EM.

(©NPK)

Tyrkias Umut Meras (t.v.) og Domenico Berardi i aksjon under EMs opningskamp. Det er til no den mest sette kampen for NRK. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB