Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Norske selskap vil bruke over 9 milliardar kroner på utvikling av ny oppdrettsteknologi, viser tal frå Sysla.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 09:42
Tala har Sysla henta inn frå selskapa som har søkt om dei nye utviklingsløyva til regjeringa. Dette er særløyve som kan tildelast prosjekt som inneber betydeleg innovasjon og investeringar.
Det er 23 grupper som har søkt om utviklingsløyve for 25 konsept. Søknadane blir behandla av Fiskeridirektoratet.
Oppdrettsselskapet Nordlaks ønskjer å bruke 1,8 milliardar kroner på utvikling av skip for lakseoppdrett. Ifølgje Sysla er Nordlaks selskapet som vil bruke mest pengar på utvikling av ny oppdrettsteknologi.
– Når det gjeld oppdrettsnæringa, er vi nøydde til å tenkje nytt, og med dette forslaget for havfarmar på bordet, synest eg vi er eit stort steg på veg, har Inge Berg, administrerande direktør i Nordlaks, tidlegare uttalt til (©NPK) E24.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.