Annonse

Oppgang på Oslo Børs

Oslo Børs heldt seg flat lenge, men hovudindeksen stengde 0,98 prosent opp. Oljeprisen auka òg etter at oljekartellet Opec varsla kutt i oljeproduksjonen.

I 17.30-tida fredag kosta eit fat nordsjøolje 64,12 dollar, noko som er ein auke på 1,36 prosent gjennom dagen. Auken kjem etter at oljekartellet Opec fredag varsla at dei ville kutte oljeproduksjonen med 500.000 fat om dagen.

Hovudindeksen på Oslo Børs steig òg fredag. Auken var på 0,98 prosent, og indeksen enda på 906,47 poeng.

Equinor-aksjen var igjen dagens mest omsette aksje. Aksjen enda 1,25 prosent opp. Nest mest omsett var DNB, som enda opp 1,07 prosent, og tredje mest omsett var Telenor-aksjen. Han steig 1,35 prosent.

Flyselskapet SAS heldt fram nedgangen på torsdag og fall med ytterlegare 3,66 prosent fredag. Torsdag fall selskapet med 15,4 prosent, noko som er det største fallet for selskapet på ti år.

Londons FTSE 100-indeks auka fredag med 1,37 prosent, Frankfurts DAX 30 enda opp 0,81 prosent, medan Paris' CAC 40 steig med 1,08 prosent.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs har stige med 13,39 prosent hittil i år. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix