Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Oslo Børs heldt fram stigninga onsdag, og hovudindeksen enda opp 1,11 prosent til 1131,88 poeng. Oljeprisen er opp over 4 prosent.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 21.07.2021 kl 16:55
Børsen starta veka med ein nedgang på 2,4 prosent måndag, men har teke seg godt opp igjen gjennom tysdagen (+1,4) og onsdagen. Ved stenging onsdag er hovudindeksen opp 2,53 prosent sidan måndag og opp 0,08 prosent sidan børsstenging fredag.
Dei fleste av onsdagens mest omsette enda dagen i pluss. Mellom anna er Equinor opp 2,36 prosent, Nordic Semiconductor opp 3,93 prosent og Norsk Hydro opp 1,59 prosent.
Yara skil seg ut blant dei mest omsette og enda ned 1,47 prosent.
Blant dagens vinnarar er IT-selskapet Kahoot, som står bak den populære kviss-appen med same namn, som enda dagen opp 8,43 prosent. Tidlegare på dagen lanserte selskapet ein eigen app for videosamtaletenesta Zoom, skriv E24.
Oljeprisen var klokka 16.45 opp 4,65 prosent. Eit fat nordsjøolje blir omsett for 71,72 dollar. Den har dermed teke seg kraftig opp etter at han, som følgje av at Opec+ søndag vart samde om å auke oljeproduksjonen, fall over 4 prosent måndag.
(©NPK)
Oppgangen heldt fram på Oslo Børs onsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB