Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters-AFP): Opprørspoliti i Sør-Afrika har tatt i bruk tåregass og gummikuler for å halde tilbake fleire hundre studentar som prøvde å storme nasjonalforsamlinga.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 15:12
Sist oppdatert: 21.10.2015 kl 15:27
Politiet brukte tåregass og sjokkgranatar for å stogge studentane, som var i ferd med å ta seg inn i nasjonalforsamlinga.
Studentane ville inn i nasjonalforsamlinga da finansminister Nhlanha Nene skulle leggje fram eit utkast til nytt statsbudsjett.
Nene vart likevel ikkje forstyrra og heldt fram talen sin. Talen var likevel 45 minutt forseinka fordi parlamentsmedlemmar frå partiet EEF (Economic Freedom Fighters) kom med ein haug med spørsmål i forkant og argumenterte for at budsjettframlegginga måtte utsetjast på grunn av mange studentprotestar mot høgre studieavgifter.
EFF-politikarane roa seg ikkje og vart fjerna frå salen med makt av tryggingsvaktene.
Det har vore protestar ved mange universitet i Sør-Afrika, ein del av dei valdelege, dei siste vekene. Studentane krev at regjeringa legg vekk planane om å auke studieavgiftene med 11 prosent.
Fleire universitetsrektorar har òg uttalt seg og sagt at høgre avgifter er nødvendig for å halde oppe ein god standard, og bedt regjeringa om å auke budsjetta. (©NPK)