Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Grava til generalmajor Fredrik Dietrichson, som leidde militære styrkar under Lofthuus-opprøret i 1787, er funnen på Torvet i Kristiansand. – Det er slikt ein drøymer om å finna, seier fylkeskonservatoren.
npk@npk.no
Publisert: 13.06.2016 kl 16:20
Året er 1787. Generalmajoren står stilt opp ved Nidelva framfor 300 soldatar og to kanoner. På andre sida av elva står 800– 900 rasande bønder.
– Dei stod med hattane på. Fredrik Dietrichson opna med å seia at dei måtte ta av hattane for øvrigheita. Då roa motstanden seg, fortel Gustav Sætra, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Agder, til Fædrelandsvennen.
Bondeopprøret spissa seg då leiaren Christian Lofthuus blei arrestert. Bøndene svarte med å setja futen i fengsel, for å utveksla han med Lofthuus. Generalmajor Dietrichson klarte å setja futen fri, og det blei fyrt av eit par salver med kanon og gevær for å roa ned dei verste gemytta.
Generalmajoren døydde 29. mai i 1971, 68 år gammal. Han blei gravlagt med uniforma på og tre hestetenner i høgre handa. No er leivningane hans funne – med gullringen på.
– Det er slikt ein drøymer om å finna, men som «aldri» skjer, seier fylkeskonservator Yvonne F. Willumsen.
Hestehalen til generalmajoren og detaljar frå uniforma blei også funne, elles var leivningane i dårleg forfatning. Funnet blei gjort i samband med parkeringsanlegget under Torvet i Kristiansand, der det til no er grave ut nærmare 300 skjelett. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.