Annonse

Ordførar vil flytte helikoptertrasé etter Turøy-ulykka

(NPK-NTB): Etter ulykka på Turøy er bebuarar i Fjell kommune redde for at fleire helikopter skal falle ned. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy meiner nordsjøtrafikken bør leggjast utanom tettbygde område.

– Mange er utrygge no. Dei tenkjer «kva om helikopteret hadde falle ned eitt minutt etterpå?» Då hadde det vore rett over tettbygd strøk på Ågotnes, seier Ap-ordførar Bjorøy til Bergens Tidende.

Ho har skrive brev til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), der ho ber om eit møte for å drøfte den reelle risikoen ved at helikoptera flyg over tettbygde område i staden for å bruke trasear over vatn.

«Nordsjøtrafikken passerer kontinuerleg over hustaka på Sotra og helikopterstyrten kunne like gjerne skjedd midt i husklynga på Turøy eller i andre tettbygde område på Sotra», skriv ordføraren.

Offshore-helikopteret som styrta på Turøy 29. april, gjekk i bakken like ved sjøen og næraste busetnad på øya. Fleire bebuarar BT har snakka med, har begynt å frykte helikoptera som flyg rett over husa deira.

– Det er frykt blant folk. Før stilte vi spørsmålet «kan helikoptera dette ned?» No veit vi at svaret er ja. No er spørsmålet når det skjer igjen, seier Thomas Lægreid i Turøy Grendalag. (©NPK)

Annonse