Annonse

Ordførar vil ha storkommune mellom Oslo og Drammen

(NPK-NTB): Med fare for å bli eten opp av Oslo og Drammen vil Bærums-ordførar Lisbeth Hammer Krog (H) slå Bærum saman med både Asker, Hole, Røyken og Hurum.

– Eg trur ei kommunesamanslåing kan vere løysinga på den strategiske posisjonen vår på sikt. Da blir vi ein tung aktør med nasjonalt gjennomslag og påverkingskraft – samtidig som vi ikkje blir etne opp av ein sterk hovudstad og ein raskt veksande Drammens-region, seier Lisbeth Hammer Krog til Bærum Budstikke.

Lisbeth Hammer Krog meiner det bør vurderast å la Asker, Bærum og dei tre nabokommunane inngå i Oslo fylkeskommune, så lenge det er tre forvaltingsnivå i landet – altså ikkje lenger Akershus, som ho føler blir dratt meir og meir sørover mot Østfold.

– Viss det skulle bli aktuelt å slå saman så store kommunar som oss, må det vere ein føresetnad at vi får status som både kommune og fylke, med ansvar for blant anna vidaregåande opplæring og samferdsel, akkurat slik Oslo har i dag, seier ordføraren i Asker, Lene Conradi (H). (©NPK)

Annonse