Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Ekstremvêret Earl er nedgradert til ein tropisk storm igjen, etter at den tidlegare torsdag trefte Belize med vindstyrke på rundt 36 meter per sekund.
npk@npk.no
Publisert: 04.08.2016 kl 07:55
Sist oppdatert: 04.08.2016 kl 15:33
Den maksimale vindstyrken er redusert til 29 meter per sekund, og det er venta at den taper seg endå meir når den kjem lenger inn over land, ifølgje U.S. National Hurricane Center.
I nabolandet Mexico tok styresmaktene ingen sjansar og evakuerte 300 familiar som bur i nærleiken av grensa til Belize. No har landet avblåst åtvaringane i samband med stormen.
Earl er den femte tropiske stormen i år, og den blei onsdag klassifisert til ein kategori 1 orkan, med vedvarande vindstyrke på mellom 33 og 42 meter per sekund. Det er den lågaste av totalt fem kategoriar. Ein tropisk storm har ein vedvarande vindstyrke på mellom 18 og 32 meter per sekund. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.