Klargjør siden...
Annonse

Orkla kallar tilbake grøn Zalo-spray

(NPK-NTB): Eit parti med grøn Zalo oppvask- og kjøkkenspray blir kalla tilbake etter at ein internkontroll avdekte bakteriar i enkelte produkt.

– Vi har ikkje kunne påvise bakteriar som medfører nokon helserisiko i produkt som er ute på marknaden. Vi har heller ikkje mottatt meldingar frå forbrukarar, men har likevel valt å kalle tilbake produkta frå dette partiet, seier Bjørn Drabløs, administrerande direktør i Orkla Home & Personal Care i ei pressemelding.

I alt kan det vere snakk om 72.000 flasker. Flasker med tre forskjellige produksjonskodar og ein refillpose blir kalla tilbake.

Selskapet tilrår alle forbrukarar som har kjøpt produktet med ein av dei aktuelle produksjonskodane, om å helle ut innhaldet og kaste flaska.

– Vi beklagar det bryderiet dette medfører for våre kundar og forbrukarar, seier Drabløs. (©NPK)

Annonse