Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Trøndelagskommunen Ørland fekk 25 av 26 moglege poeng i kåringa av den mest opne kommunen i landet, viser openheitsbarometeret for 2023.
Publisert: 21.09.2023 kl 12:25
Barometeret sjekkar om og korleis norske kommunar legg til rette for openheit i kommunane, og korleis dette blir etterlevd i praksis.
Toppkommunane har mellom anna svart på innsynskrav raskt, strøymer møta i kommunestyra, legg møteplan og protokoll frå kontrollutvalet på nett og publiserer dokument i fulltekst, slik at dei enkelt kan lastast ned.
Ørland toppa kåringa også i 2022. På delt andreplass i år følgjer seks kommunar med 24,5 av 26 moglege poeng, melder Kommunal Rapport. Det er Farsund i Agder, Kinn i Vestland, Volda og Ørsta i Møre og Romsdal, og dessutan Harstad og Tana i Troms og Finnmark.
I andre enden av skalaen hamnar Sør-Odal i Innlandet og Iveland i Agder, som får null poeng. Dei har verken svart på undersøkinga eller innsynskravet.
Kommunal Rapport og Pressens offentlegheitsutval (POU) står bak openheitsbarometeret som blant anna registrerer kor lang tid kommunane brukte på å svare på eit innsynskrav.
287 av dei 356 kommunane i landet svarte på slike krav ved å gi innsyn heilt eller delvis. 39 kommunar avslo innsynskravet, og sjølv om dei har ei lovpålagd plikt til å vurdere meirinnsyn, var berre éin kommune som gjorde dette.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.