Klargjør siden...
Annonse

Ortega tatt i eid for ein fjerde presidentperiode i Nicaragua

Nicaraguas president Daniel Ortega er tatt i eid for ein fjerde periode, dagen etter at USA og EU innførte fleire sanksjonar mot medlemmer av regjeringa hans.

Kona Rosario Murillo vart tatt i eid som attvald visepresident.

Utsendingar frå Venezuela, Cuba, Kina, Russland, Iran, Nord-Korea og Syria var blant gjestene under seremonien på måndag.

Tidlegare på dagen kunngjorde EU nye sanksjonar mot personar som EU reknar for å ha «undergravd demokrati» og for brot på menneskerettar i Nicaragua, mellom anna Ortegas dotter og ein son – begge er tilsette som rådgivarar for presidenten.

Andre høgtståande embetsfolk i politistyrken i landet og valapparat fekk òg sanksjonar av EU.

USA innførte same dag sanksjonar mot seks personar, blant dei to generalar, forsvarsministeren, leiaren for valrådet og embetsfolk i teletilsynet i landet, som etter seiande styrte ein trollfabrikk i sosiale medium for å hjelpe Ortega til siger.

Vidare har USA innført reiserestriksjonar mot 116 personar knytt. til regimet, opplyste utanriksminister Antony Blinken måndag.

I innsetjingstalen sin gjorde 76 år gamle Ortega narr av dei nye sanksjonane og kalla dei ei «utmerking» for Brenda Rocha, som leier Nicaraguas valråd.

Ortega vart attvald for fjerde gong 7. november. Valsigeren kom ikkje som noka overrasking etter at nesten 40 opposisjonspolitikarar, blant dei sju som ville utfordre Ortega som presidentkandidat, hadde vorte fengsla. EU og USA er blant internasjonale aktørar som fordømde valet.

(©NPK)

Folk samla seg rundt ein storskjerm i ein park i hovudstaden Managua for å sjå på innsetjingsseremonien måndag kveld. Foto: Andres Nunez / AP / NTB