Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Oscar Piastri (21) blir forfremja og tek over Fernando Alonsos sete i Formel 1-laget Alpine frå neste år.
sjur.natvig@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 02.08.2022 kl 18:26
Det stadfestar laget på Twitter.
Piastri har vore ein del av Alpines juniorprogram sidan 2020 og er i årets Formel 1-sesong reserve for både Alpine og McLaren.
I løpet av sesongen har han testa F1-bilar på ulike banar rundt om i verda, og det var venta at han skulle få debutere som Formel 1-førar under treninga til Frankrikes Grand Prix. Det vart likevel utsett til etter sommarferien.
21-åringen debuterte i Formel 2 førre sesong og vann samanlagt i første forsøk. Han samla elleve pallplassar, og seks var sigrar.
Han vann også Formel 3-samandraget året før.
(©NPK)
Oscar Piastri skal køyre Alpine-bilen neste sesong. Foto: Darko Bandic / AP / NTB