Klargjør siden...

Oslo Ap: Raymond er ein jordnær type

(NPK-NTB-Mats Rønning): Frode Jacobsen i Oslo Arbeidarparti tek «byregjeringsleiar» Raymond Johansen i forsvar etter namnekrangel og limousin-bråk i hovudstaden.

– Det er vitlaust, seier Bellona-leder Frederic Hauge til VG. Torsdag kunne avisa fortelje at byrådsleiaren vert køyrt rundt i eit klimafiendtleg bensinsluk av ein luksusbil – ein Audi A8, endåtil med piggdekk.

– Eg forstår ikkje at dei ikkje kan køyre Tesla. Det går for den danske kronprinsen og den danske miljøvernministeren, seier han.

Oppslaget kjem etter månader med merksemd om namnebytet som dei raudgrøne i Oslo prøver å få igjennom. Byrådet skal bli kalla byregjering, og byrådsleiaren sjølv skal få tittelen byregjeringsleiar.

– Raymond er ein jordnær og hyggeleg fyr. Det er ikkje han som har valt bilen, det er ei vurdering andre gjer, seier Jacobsen til NTB.

Han seier dei raudgrøne no får det dei har bede om.

– I valkampen slo vi fast at vi ønskte meir merksemd om Oslo-politikken. Det har vi fått, sjølv om det denne gangen ikkje er så hyggjeleg for oss, seier Jacobsen, og fortset:

– Vi har bede om å bli sett i korta og har gått høgt på bana. Dette får bli ein lærdom for oss.

– Dette har med fingerspisskjensle å gjere. Leiaren for eit raudgrønt og miljøvinkla byråd skal ikkje køyre rundt i slike bilar, seier Strand, som òg er overraska over korleis namnebytet er handtert.

– Ein så erfaren politikar som Raymond Johansen burde ha sørgde for å avklare dette juridisk på førehand. Ideen om å byte namn til byregjering er god, men no har jo namnedåpen blitt ein fiasko, seier Strand.

Namneskiftet er stilt i kvile fram til juristar i Kommunaldepartementet kan avklare om endringa er lovleg eller ikkje.

– Hadde vi visst kor mykje negativ merksemd denne saka ville skape, hadde vi nok latt den liggje. Det er trass alt ikkje ei veldig viktig sak for oss, seier Frode Jacobsen.

– På det politiske plan er eg imponert over at dei har følgt opp det dei lovd i valkampen, til dømes når det gjeld eigedomsskatt og bilfritt sentrum. Det er modig, tilføyer han.

Framstegspartiets Carl I. Hagen vil ta bilsaka til forretningsutvalet i kommunen, medan tidlegare byrådsleiar for Høgre, Stian Berger Røsland, tar etterfølgjaren i forsvar.

– Eg skjønner at mange kan synest at dette er vanskeleg å akseptere, men når ein ikkje kan ta T-banen utan å risikere at nokon grip tak i deg og brøler til deg medan du står der med treåringen i armen og det å køyre bil sjølv ikkje alltid er ein moglegheit, så er ordninga ein har på Rådhuset viktig for å kunne gjere jobben sin, seier han til VG.

Biltenesta på Rådhuset blei etablert etter terrorhandlingane 22. juli 2011 – først og fremst av tryggingsomsyn. (©NPK)

Annonse