Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Oslo Børs avslutta veka med kraftig framgang

Ved stenging fredag hadde hovudindeksen på Oslo Børs stige med 2,36 prosent til 1,214.73 poeng. Noko av forklaringa er høgare oljepris.

Oppgangen skjer etter ei turbulent børsveke.

Allereie etter ein times handel var oppgangen 1 prosent, og hovudindeksen heldt fram i den same retninga gjennom dagen. Prisen på eitt fat nordsjøolje har stige jamt gjennom dagen og låg fredag ettermiddag på over 110 dollar, opp meir enn 3 prosent.

Mest omsett på hovudindeksen var Equinor, som enda opp 0,82 prosent. Rec Silicon (10,03), Norsk Hydro (5,26) og Yara International (5,64) enda også i pluss.

Fleire selskap la fram kvartalstala sine på fredag, blant dei var Norwegian. Flyselskapet fekk i første kvartal eit driftsunderskot på 849 millionar kroner. Selskapet opplyser at resultatet er påverka av omikronviruset og krigen i Ukraina. Marknaden svarte først med å sende aksjen i kraftig minus, men ved stenging var Norwegian opp 2,64 prosent.

Lerøy Seafood har ikkje hatt ein sterk dag, og endar ned 8,69 prosent. Det skjer sjølv om selskapet nesten dobla driftsresultatet, før verdijustering av fisken i merdane, til 852 millionar kroner i første kvartal, skriv E24 og Dagens Næringsliv.

Dei andre europeiske børsane trekkjer også oppover i slutten av veka. FTSE 100 i London (2,4), DAX 20 i Frankfurt (2,07) og CAC 40 i Paris (2,38) går alle i pluss.

(©NPK)

Foto: Lise Åserud / NTB