Klargjør siden...
Annonse

Oslo Børs enda varsamt opp

Hovudindeksen på Oslo Børs steig med 0,41 prosent tysdag etter eit oppsving for Aker Solutions. Indeksen enda på 999,65 poeng.

Aker Solutions fall frå start, men etter at nyheita om ein intensjonsavtale med Equinor, enda aksjen opp med 5,2 prosent.

Mest omsett var Equinor, som enda ned med 0,4 prosent. Deretter følgde DNB og Nel.

På ein relativt stille dag utan dei store toppane, steig Golden Ocean Group mest av aksjane notert på hovudindeksen, med 8 prosent, følgt av MPC Container Ships som steig med 8,9 prosent.

Gaming Innovation Group fall på si side med 4,7 prosent og Medistim med 2,9 prosent.

Blant dei større selskapa på hovudindeksen utanom Equinor, gjekk Yara International fram med 1,4 prosent og DNB med 0,9. Telenor fall med 0,4 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart ved børsslutt omsett for rundt 63 dollar fatet, ned med 0,4 prosent. Eit fat amerikansk lettolje kosta 59,8 dollar, ned 0,5 prosent.

Blant dei mest tonegivande europeiske aksjeindeksane noterte FTSE 100 i London og CAC 40 i Paris seg for ein opptur på marginale 0,1 prosent, medan DAX 30 i Frankfurt enda ned med 0,1 prosent tysdag ettermiddag.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs steig forsiktig med 0, 41 prosent tysdag. Foto: Lise Åserud / NTB