Oslo Børs på staden kvil

(NPK-NTB): Etter ein god start på torsdagen trekte ein fallande oljepris børsen ned igjen på ettermiddagen. Hovudindeksen enda på 611,31 poeng, ned 0,05 poeng.

Oljeprisen passerte 50 dollar på formiddagen, men fall torsdag ettermiddag under 49 dollar fatet.

Dagens tapar er Yara som fall 1,1 prosent. Vinnaren er Salmar som aukar med 2 prosent.

På dei europeiske børsane var det også mindre utslag torsdag. FTSE 100 i London fall 0,1 prosent, det same gjorde DAX 30 i Frankfurt. CAC 40 fall 0,3 prosent frå onsdag. (©NPK)