Oslo får nytt bygg på over 100 meter

For første gong sidan 1989 får Oslo sentrum eit nytt høghus over 100 meter. Bystyret i Oslo har vedteke bygginga av nye Oslo Spektrum på 109 høgdemeter.

– Det er med ein liten snev av historisk sus at bystyret vedtek nye Oslo Spektrum. Det er ikkje kvardagskost at bystyret vedtek bygg over 100 meter. Faktisk er det 34 år sidan sist eit bygg på over hundre meter vart ferdigstilt, seier nestleiar i byutviklingsutvalet Sigrid Z. Heiberg (MDG) til Avisa Oslo.

Bystyret gjorde vedtaket om høghuset onsdag.

Prosjektet gjer også at Spektrum-bygget slik det er i dag, blir opna opp med store glasflater mot Sonja Henies plass og Vaterlandsparken.

Raudt var det einaste partiet i bystyret som røysta imot forslaget. Dei meiner høghuset får for store negative konsekvensar for Vaterlandsparken.

(©NPK)