Klargjør siden...
Annonse

Oslo innfører inntauingsgebyr for elsparkesyklar

Feilparkerte elsparkesyklar har vore ei stadig veksande utfordring i Oslos gater. No må utleigeselskapa ut med 1.590 kroner per sykkel for inntauing.

Gebyret skal etter planen vedtakast innført i bystyremøtet onsdag kveld, skriv NRK.

– Bymiljøetaten har i dag store kostnader og brukar mykje tid på å samle inn fråslengde elsparkesyklar, seier miljø- og samferdselsbyråd Lan Marie Berg (MDG).

Ho meiner det er rimeleg at ein tek gebyr for oppryddingsjobben, når utleigeselskapa kan tene store pengar på å bruke offentleg grunn. Frå før har Bergen innført inntauingsgebyr, som rett nok ikkje er ein fastsett sum som i Oslo.

Utleigeselskapet Voi vurderer å sende rekninga for inntauingane vidare til brukarane.

– Vi vil vurdere å stengje dei ute som parkerer feil, frå å låne ein elsparkesykkel. I tillegg vil vi vurdere å sende inntauingsgebyret vidare til brukaren, seier Norges-sjef i Voi, Christina Moe Gjerde.

(©NPK)

Slik ønskjer byrådet i Oslo at elsparkesyklane skal stå framover. Elles kan selskapa få bot.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB