Oslo kommune gjorde heilomvending – Lyn får bane med gummigranulat

Omsider kan Lyn snart spele heimekampane sine på Kringsjå igjen. I løpet av hausten blir det nytt underlag med gummigranulat.

– Det betyr ekstremt mykje for oss. Det har vore ei stor bekymring, seier styreleiar Line Fiskerstrand Blekeli i Lyn Fotball til NTB.

Oslo-klubben har lenge vore omfatta av Oslo kommunes stramme grep om utfasinga av gummigranulat til eit fyllmateriale utan plast. For snautt to veker sidan vart vedtaket om underlaget på Kringsjå omgjort av opposisjonen i bystyret, og klubben får no lov til å leggje gummigranulat likevel. Før det var alternativet kork.

Lyn har hatt utfordringar med underlaget på Kringsjå i fleire sesongar. Åtte av heimekampane til Lyn er til no i år vorte spelte på Groruds heimebane.

Auka kostnader

Eit underlag med kork ville også gjort det dyrare for klubben.

– Utgiftene til oppvarming er veldig kostbare i seg sjølv og ville vorte markant auka. Vi veit at banar med korkfyll krev dette for å kunne haldast spelebar, seier styreleiaren.

– Dette er ein kostnad som vil falle til kvar enkelt klubb, og for vår del kunne det medført at vi måtte stengje banen. Noko som ville gått utover både toppserielaget, men like mykje barn og ungdom. Det er noko vi utan omsyn til kostnaden vil unngå, seier Blekeli.

Blekeli håpar underlaget er ferdig til oktober. Lyn har tre heimekampar igjen etter 1. oktober.

Lyns toppserielag er på 7.-plass med fem poeng ned til Avaldsnes på nedrykksplass.

Vil ha nasjonal plan

I april stemde ein EU-komité fram eit forbod mot tilsett mikroplast i mellom anna kunstgras. Det er semje om at overgangsperioden vil vere på åtte år etter at forbodet trer i kraft.

Saka er ikkje 100 prosent avgjord. EUs medlemsland i ministerrådet og EU-parlamentet har tre månader på seg til å komme med innvendingar dersom dei vil endre avgjerda.

– Vi har alle eit særskilt ansvar for å sikre at vi innrettar oss etter påbodet frå EU med eit meir miljøvennleg fyll. Men det kan ikkje vere opp til kvar enkelt klubb å sørgje for dette, her må det vere ein nasjonal og berekraftig plan for korleis vi skal innrette oss framover for å komme dette kravet i møte som sjølvsagt er heilt nødvendig, seier Blekeli.

(©NPK)

I haust er det håp om at det igjen blir Toppserien-kampar på Kringsjå. Her frå kampen mellom Lyn og Rosenborg for to år sidan. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse