Annonse

Oslo lufthamn kan bli stengt fredag

(NPK-NTB): Det er brot i forhandlingane mellom NHO Service og Parat. Om ikkje meklinga fører fram, stenger Oslo lufthamn for alle som skal reise ut frå flyplassen – over 40.000 passasjerar.

– Det er 531 tilsette frå Nokas Aviation som potensielt kan bli tekne ut i streik. Desse har sentrale roller både i sikkerheitskontrollen, bagasjeanlegga og andre innpasseringspunkt ved Oslo lufthamn, skriv Avinor i ei pressemelding.

Parat har varsla at det er 250 vektarar som vil bli tekne ut i første omgang. 170 jobbar i sikkerheitskontrollen.

Ein så stor kapasitetsreduksjon vil by på store sikkerheitsmessige utfordringar, og Avinor vel derfor å stengje lufthamna dersom det blir streik.

Fredag 10. juni er det venta svært høg trafikk. Totalt er det 42.200 passasjerar som skal sikkerheitskontrollerast, og dette talet er blant det høgste nokon gong på Oslo lufthamn.

Passasjerar som kjem til Oslo lufthamn og har Oslo som endedestinasjon vil ikkje bli berørte dersom det blir streik. (©NPK)

Annonse