Oslo-politiet har enno ikkje fått stadfesta at Arfan Bhatti er arrestert i Pakistan

Ei kjelde i tryggingspolitiet i Pakistan seier til Aftenposten at Arfan Bhatti er arrestert. Oslo-politiet seier at dei jobbar med å få stadfesta opplysningane.

Arfan Bhatti skal ha vorte arrestert av ei anti-terroreining i politiet måndag i 18-19-tida. Han er ikkje formelt arrestert, men arrestert av politiet som eit ledd i etterforskinga, opplyser ei kjelde i tryggingspolitiet i Pakistan til Aftenposten.

Ifølgje VG er Bhatti overført til varetekt i den pakistanske hovudstaden Islamabad, og det skal vere mogleg for norsk politi å få han overført. Ettersom Bhatti er etterlyst for medverknad til terror, er tryggingstenesta tungt involvert.

Tysdag ettermiddag opplyste Oslo politidistrikt at dei framleis ventar på stadfesting frå pakistanske styresmakter på om Bhatti er arrestert eller ikkje.

Politiet sikta førre veke Arfan Bhatti for medverknad til terror etter masseskytinga i Oslo 25. juni.

Bhattis forsvarar i Noreg, advokat Svein Holden, seier til Aftenposten at han ikkje er kjend med at Bhatti er arrestert.

(©NPK)

Arfan Bhatti skal vere arrestert i Pakistan. Biletet er frå 2012. Foto: Kyrre Lien / NTB

Annonse