Klargjør siden...
Annonse

Oslo S og T-banen opna for trafikk – ventar forseinkingar

Oslo S og T-banen i Oslo er opna for trafikk etter at begge var stengde måndag ettermiddag. Det er likevel venta forseinkingar utover kvelden.

Klokka 17.19 skriv Bane Nor at Oslo S har opna for trafikk. Der stod alle toga på grunn av ein person som oppheldt seg i sporet.

Oslo S vart stengt også tidlegare måndag på grunn av at ein person var observert i sporet. Stasjonen vart opna igjen i 14.30-tida.

Også på T-banen var det trafikktrøbbel måndag ettermiddag etter at nokon truleg kasta ei handlevogn i sporet på Grønland.

Både Bane Nor og Sporveien melder om forseinkingar.

Trafikken på Oslo S vart måndag ettermiddag stoppa etter ein person var i sporet. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse