Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Oslofjordtunnelen ved Drøbak er rydda og opna igjen etter ein brann i eit vogntog måndag ettermiddag.
uvakt@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 20.09.2022 kl 07:12
Tunnelen på E134 vart stengd i begge retningar etter den kraftige brannen.
– Det er ein kraftig brann i eit vogntog og det er kraftig røykutvikling, sa vaktleiar ved Aust 110-sentral, Roger Andersen ved Aust 110-sentral til NTB ved 17.30-tida.
Lastebilen byrja å brenne rundt 2,5 kilometer inn i tunnelen frå Drøbak-sida. Det vart ikkje meldt om personskadar. Klokka 18 melde Aust politidistrikt at brannen var sløkt, men det var klart at det ville ta ei god stund før tunnelen kunne opnast igjen.
Litt etter klokka 4.30 opplyser Vegtrafikksentralen aust på Twitter at tunnelen er opna igjen.
(©NPK)
Ved 4.30-tida natt til tysdag melder Vegtrafikksentralen aust at Oslofjordtunnelen er open igjen etter at den blei stengt på grunn av ein brann i eit vogntog måndag ettermiddag. Foto: Annika Byrde / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.