Klargjør siden...

Oslos lengste måleri rammer inn byggjegrop

(NPK-NTB): Eit 60 meter langt og 3,5 meter høgt måleri tar form på Statsbyggs byggjegjerde rundt Vestbanetomta.

Det lange måleriet rammar inn Oslos største byggjegrop, kor Statsbygg arbeider med det nye nasjonalmuseet.

– Det vekkjer oppsikt at to kunstnarar malar Oslos lengste måleri. Mange stoppar opp og lurer på kva som skjer. For det er ikkje kvar dag publikum får sjå eit kunstverk bli til, seier Hans Jørgen Aase, prosjektleiar i Statsbygg for nytt nasjonalmuseum.

– Det er ikkje lenger slik at byggjegjerde skal vere grå og keisame. Internasjonalt blir slike gjerde stadig meir nytta som arenaar for kunst, formidling og kommunikasjon, seier Aase.

Kunstnarane Shwan Dler Qaradaki og Johannes Høie arbeider på det som blir kalla «Fredsveggen», ved Nobels Fredssenter. Dei har arbeidd med verket sidan byrjinga av mai.

Kunstverket har fått tittelen «Unknown numbers», og verket er ei forlenging av utstillinga som opnar på Fredssenteret 9. juni.

– Vi har valt å portrettere nokre historiske og nolevande menneskerettsforkjemparar for å setje søkjelyset på kampen for ytringsfridom. Samstundes skal tittelen gi signal om at problematikken gjeld veldig mange fleire. Vi håpar verket vil få forbipasserande til å tenkje over korleis dei sjølve kan stå opp mot urett og undertrykking, seier kunstnarane. (©NPK)

Annonse