Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ingvild Flugstad Østberg fekk fornya tillit på langrennslandslaget. Samtidig er leiinga klar på at risikoen for nye skadar ikkje er over.
stian.grythaugen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 04.05.2021 kl 12:34
Østberg gjekk ikkje eit einaste skirenn sist vinter fordi ho ikkje oppfylte helsekrava til det medisinske støtteapparatet til skiforbundet. Ho sleit med å kontrollere ernæringsinntaket over tid.
Då landslaga for den kommande OL-sesongen vart presentert tysdag, var Østberg ikkje uventa med.
– Det går så bra med henne at det ikkje var nokon tvil om at ho skulle få plass på laget i år, sa landslagstrenar Ole Morten Iversen.
Han la samtidig til at det er eit «men».
– Risikoen for nye skadar er der. Sjølv har eg stor tru på at ho er ein del av OL-troppen og skal kjempe om medaljar der, sa Iversen.
Iversen seier at det har teke lenger tid med Østberg enn det dei hadde trudd og håpa på.
– No er vi ganske nær noko vi synest er bra. Ho skal ikkje vere med på alt fram til sommarferien. Eg trur at ho blir med på det meste etter ferien og fram til OL. Samtidig er tidsaspektet her vanskeleg, sa landslagstrenaren.
Langrennssjef Espen Bjervig har tidlegare sagt til NTB at han har hatt jamn dialog med Østberg gjennom vinteren.
– Det eg veit er at ho trenar bra og er godt i gang igjen. Den helsemessige vurderinga er det andre enn meg som gjer. Ingvild er på ingen måte gløymt. Vi skal ikkje meir enn eit år tilbake før ho gjekk fantastiske skirenn. Ho er sjølvsagt aktuell for å vere med på landslaget om den helsemessige biten er på plass, sa han i mars.
(©NPK)
Ingvild Flugstad Østberg held fram på landslaget. Foto: Terje Pedersen / NTB