Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Leo Østigård startar i Napolis midtforsvar i Napolis bortekamp mot Liverpool i Meisterligaen tysdag. Det blir hans andre meisterligakamp på rad.
Publisert: 01.11.2022 kl 20:17
Både Napoli og Liverpool er klar for åttedelsfinale før storkampen i siste runde, og Liverpool må vinne med fire måls margin for å snyte Napoli for gruppesigeren. Likevel er det mykje prestisje i kampen.
Napoli prøver å gå gjennom gruppespelet utan poengtap.
Østigård spelte frå start mot Rangers førre runde og skåra Napolis siste mål i 3-0-sigeren med ein knallhard hovudstøyt. Han får fornya tillit av trenar Luciano Spalletti.
Nordmannen har elles slite benken mykje i haust. Det blir hans tredje kamp frå start for klubben, etter at han også slapp til i ein seriekamp tidleg i sesongen.
(©NPK)
Leo Østigård blir gratulert med skåring i Napolis meisterligakamp mot Rangers førre veke. Han startar også mot Liverpool på Anfield tysdag. Foto: Alessandro Garofalo, LaPresse via AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.