Klargjør siden...
Annonse

Over 100 millionar LinkedIn-passord på avvege

(NPK-NTB-AFP): Det sosiale nettverket LinkedIn ber brukarane sine om å byte passord etter at over 100 millionar passord som vart stolne i 2012, har dukka opp på nettet.

Då datainnbrotet først vart omtalt i 2012, opplyste LinkedIn at det var snakk om 6,5 millionar passord, men denne veka vart tenesta gjort kjent med at omfanget var mykje større.

– I går vart vi merksame på eit ekstra sett med data som akkurat hadde blitt offentleggjort, og som visstnok er e-postadressene og delvis skjulte passordkombinasjonar til over hundre millionar LinkedIn-brukarar frå det same innbrotet i 2012, opplyser sikkerheitssjefen i selskapet, Cory Scott, i eit blogginnlegg.

– Vi tar grep med ein gong for å gjere desse passorda ugyldige for dei ramma kontoane, og vi vil ta kontakt med desse brukarane for å be dei om å nullstille passorda sine, seier han. (©NPK)

Annonse