Klargjør siden...

Over 100 tatt i hasjaksjon ved Christiania

(NPK-NTB-Ritzau): 40 bilistar er mistenkt for køyring i narkorus, og 90 personar vart tatt for innehav av hasj då København-politiet gjekk til aksjon i gatene rundt Christiania.

Resultatet av aksjonen måndag bekreftar Christianias ry som Danmarks hasjhovudstad. Innsatsen var først og fremst retta mot bilistar som køyrer i rusa tilstand, enten rusen kjem av alkohol eller narkotika. Politiet opplyser at 40 personar er sikta for å ha sette seg bak rattet mens dei var rusa på narkotika. Éin er sikta for promillekøyring. I tillegg er åtte personar tatt for å ha køyrt utan gyldig førarkort.

– Vi hadde ei forventning om at vi ville ta svært mange narkotikapåverka bilistar, seier politikommissær Kristian Rohdin, som har det operative ansvaret for den såkalla Task Force Pusherstreet, ei arbeidsgruppe i politiet som har fått namn etter Christianias mest berømte og berykta gate.

– Vi håpar vi med ein slik aksjon kan få folk til å tenkje seg om før dei set seg i bilen i påverka tilstand. Vi ser at folk kjem til Christiania i bil, kjøper hasj og røykjer ein joint før dei køyrer vidare. Det er ein svært dårleg idé.

Politiet tok også 90 personar for innehav av hasj, og Rohdin legg ikkje skjul på at politiet har som mål å gjere det lite attraktivt å handle i Pusher Street. (©NPK)

Annonse