Klargjør siden...
Annonse

Over 21 millionar førehandsstemmer to veker før presidentvalet i USA

Talet på førehandsstemmer antydar høg valdeltaking i USAs presidentval i november. Så langt har minst 21 millionar førehandsstemt.

Fleire delstatar, som vippestaten Pennsylvania, har allereie registrert fleire førehandsstemmer enn dei gjorde i 2016-valet totalt, ifølgje Wall Street Journal. I 2016 førehandsstemde meir enn 58 millionar amerikanarar.

Med den store stemmeaktiviteten allereie dryge 2 veker før valet, viser tal frå The election project at 15,7 prosent av dei totale stemmene som vart registrerte ved presidentvalet i 2016 allereie har røysta denne gongen.

Det vart avlagt rundt 138 millionar stemmer i 2016-valet, ifølgje universitetet PennState. Det utgjorde berre 58,1 prosent av befolkninga med stemmerett.

Koronasituasjonen, meir tilgjengeleg teknologi og polariseringa i amerikansk politikk blir trekt fram som årsaker til at så mange førehandsstemmer.

(©NPK)

Fleire moglegheiter til å stemma, ved mellom anna poststemmer, har ført til mange førehandsstemmer ved presidentvalet i år. Fleire har også møtt opp fysisk for å stemme enn tidlegare – her frå Atlanta, Georgia. Foto: Brynn Anderson / AP / NTB