Over 230.000 sørsudanske flyktningar i Sudan

(NPK-NTB-AFP): Over 230.000 sørsudanarar har flykta til nabolandet Sudan sidan den blodige borgarkrigen braut ut i 2013, ifølgje tal frå FN.

Sør-Sudan vart ein sjølvstendig nasjon i 2011, etter ein 22 år lang borgarkrig med Sudan. Men berre to år etter braut det ut borgarkrig i Sør-Sudan, ein krig som har kosta titusenvis av menneske livet og drive to millionar på flukt.

– Sudan husar den største delen flyktningar frå Sør-Sudan, opplyser FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA), og legg til at det er snakk om rundt 232.000 flyktningar. I tillegg har 230.000 flykta til Etiopia, 202.000 til Uganda og 57.000 til Kenya.

71.000 sørsudanarar har komme til Sudan sidan januar. Dei flyktar frå konflikt og matmangel i det krigsherja landet.

Borgarkrigen braut ut då president Salva Kiir skulda Riek Machar for å planleggje eit kupp og sparka han som visepresident i desember 2013. Sør-Sudans økonomi ligg i ruinar, fem millionar menneske er heilt avhengige av nødhjelp utanfra, 180.000 lever i overfylte FN-leirar, og dei etniske motsetningane er store. (©NPK)