Klargjør siden...

Over 400.000 nordmenn særleg ramma av renteheving

Folk med mykje gjeld og lite sparepengar kjem til å få det vanskeleg etter rentehevinga torsdag, meiner økonomar.

Noregs Bank sette torsdag opp styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1,25 prosent. Det var første gong på 20 år at renta blir sett opp så mykje på ein gong skriv Dagens Næringsliv.

Samtidig varsla sentralbanksjef Ida Wolden Bache at renta skal opp til 3 prosent innan neste sommar.

Nordmenn har generelt mykje gjeld i forhold til inntekt, noko som gjer hushald utsett for auka renteutgifter. Og bustadlånsrenta kan komme opp i 4,3 prosent, ifølgje DN.

– Dei mest sårbare hushalda vil gå inn i ein periode med betydeleg uvisse. Det er ingen veg utanom, seier sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 436.000 nordmenn lever i sårbare hushald. Det er hushald med gjeld tre gonger høgare enn inntekta og mindre enn 100.000 kroner i bankinnskot.

Macic seier åleineforeldre heilt klart er mest utsett, og at mange av dei lever på marginen. SSBs tal viser at kvar femte åleineforelder er rekna som sårbar.

– Dei vil slite veldig når rentene aukar, seier ho.

Det inntrykket stadfestar direktør for personmarknad, Endre Jo Reite, i BN Bank.

– Særleg blant småbarnsfamiliane, og ikkje minst blant åleineforsørgjarar, er det mange hushald som ikkje har særleg mykje å gå på, seier han.

(©NPK)

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache varsla torsdag at renta skal opp til 3 prosent innan neste sommar. Det rammer særleg om lag 436.000 nordmenn, ifølgje DN. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Annonse