Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): I fleire norske fylke står over tusen unge på ventelister for å komme inn på vidaregåande skule. Førebels manglar 5.558 elevar skuleplass.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 18:01
I Akershus, Hordaland og Rogaland står over tusen elevar på venteliste, medan i Østfold og Nord-Trøndelag har alle ungdommane som søkte fått plass på vidaregåande, skriv fagbladet Utdanning.
– Vi har veldig mange søkjarar og ikkje alle har komme inn på eitt av sine tre første val. Desse står no på venteliste, seier leder Hilde Dahlberg for inntakskontoret i Akershus til fagbladet.
Alle som kjem rett frå ungdomsskolen har krav på plass.
– Det er ikkje krise at du ikkje kjem inn på første inntaket. Vi skal finne plassar til alle, lover Dahlberg. (©NPK)