Annonse

Over 50.000 nordmenn får unødvendig antibiotika

(NPK-NTB): Tal frå St. Olavs hospital i Trondheim viser at mellom 50.000 og 75.000 nordmenn får antibiotika unødvendig mot bronkitt kvart år.

Ifølgje Adresseavisen er luftvegsinfeksjonar det området der det blir skrive ut mest antibiotika utan at det er behov for det. Antibiotika verkar berre mot bakteriar, og dei fleste luftvegsinfeksjonar er virusinfeksjonar.

– Dersom ein har utvikla resistens mot antibiotika, har ein ikkje moglegheit til å førebyggje og behandle infeksjonar på same måte. Ein er mykje betre stilt som pasient i framtida, dersom ein ikkje er resistent mot antibiotika, seier Roar Dyrkorn ved avdeling for klinisk farmakologi på St. Olavs hospital til avisa.

Målet til regjeringa er å redusere bruken av antibiotika med 30 prosent innan 2020. Eit prosjekt ved St. Olavs hospital tar sikte på å redusere bruken ved å besøkje legar og gi dei fagleg oppdatering og tips om korleis dei kan skrive ut færre reseptar. Til no har 400 fastlegar i Trondheim, Nord-Trøndelag, Tromsø, Harstad og Narvik fått besøk. 68 prosent av 287 fastlegar har oppgitt på eit spørjeskjema at dei vil endre praksis på grunn av informasjonen dei fekk.

Lasse Holanger, som er fastlege ved Tillertorget, seier at han opplever at pasientar forventar å få medisinar mot luftvegsinfeksjonar når dei kjem til legen.

– Då er det bra å kunne vise til forsking som viser at ein ikkje blir fortare frisk ved å bruke antibiotika, seier Holanger. (©NPK)

Annonse