Over 800 personar avviste ved den dansk-tysk grensa

(NPK-NTB-Ritzau): Sidan Danmark innførte grensekontroll på den dansk-tyske grensa, er over 800 personar avviste, ifølgje justisminister Søren Pind.

Den mellombelse grensekontrollen vart innført i januar like etter at Sverige innførte grensekontroll ved den svensk-danske grensa. I begge land har grensekontrollane blitt forlengd i fleire omgangar.

– Rikspolitiet kan opplyse at det sidan innføringa av den mellombelse grensekontrollen ved den dansk-tyske grensa 4. januar 2016 er avvist i alt 810 personar til og med 2. mars 2016, seier Pind i eit svar til Folketingets rettsutval. (©NPK)