Over eitt tonn ulovleg kjøtt beslaglagt på Svinesund-bussen

(NPK-NTB): Tollarane beslagla meir enn tusen kilo smuglarkjøtt på handlebussen frå Oslo til Svinesund i helga.

Det første beslaget vart gjort i bagasjen til ei kvinne busett på Vestlandet. Storhandlaren vart tatt med meir enn 440 kilo kjøtt, skriv Fredriksstad Blad.

På same buss vart det også funne 600 kilo kjøtt, men tollarane fann ikkje ut kven det var sine kjøttvarer.

Beslaga på bussen vart gjort søndag. (©NPK)